Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

      

       
Størjefiske på Vestlandet
Forfatter: Bjarne Austgulen
Publiseringsdato: 03.04.2005

Bjarne er 18 år. Han ventar på å få kome inn i militærteneste - bli ferdig, og så starte på ei utdanning. På Furenes, i butikken, på kai og tankanlegg, var det nok å gjere. Men utferdstrangen var sterk, lysta til å tene pengar - store pengar, låg i tankane. 


Snurpebåten "ESPHOLM" 

I femti-åra hadde det vore eit godt størjefiske langs kysten. Makrellstørje var ein god eksportartikkel. For fiskebåtreiarane var størja velkommen, for silda var for det meste borte på den tida. 

Fleire båtar på Byrknes fangsta etter størje. Der budde også Håkon Vesetvik, ein av dei mest kjende notbasane. 

Eg tok ein telefon til Vesetvik. Han var positiv, og ville gjerne vite kva eg dugde til i samband med båt og motor. 

Motorbåt hadde eg alt lært å føre i 10-års alderen, og med bakgrunn frå kai og båtmiljøet på Furenes stilte eg sterkt. 
- Pakk sekken din og kom utover. "ESPHOLM" (snurpebåten) ligg klar for å gå på feltet, sa han. 

Håkon Vesetvik var bas på størjebåten "ESPHOLM" R - 56 HT. Eigarar til båten var Ole og Henrik Mæling, to brør frå Haugesund-distriktet. Båten, med ein to-sylindra RUBB motor, gjorde god fart - noko som betydde mykje ved leitinga etter størje langs kysten. 

Min jobb var i lettbåten, saman med Asbjørn Bremnes frå Byrknes. Eg skulle køyre båten, kaste lina over til "ESPHOLM" etter at nota var komen i sjøen - slik at ein kunne ta til å snurpe inn. Som følgjebåt hadde vi "ERLING" (Bårøykutteren), eigd av Toralf Bårøy. 

Oppgåva for ein følgjebåt (slepar) er å ta slep i bruket; hovudbåten med nota i sjøen, og strekkje opp slik at snurpenota vert liggjande i ein stor boge. 


Artikkelforfattar Bjarne Austgulen. Flymaskinist. Rang i luftforsvaret: Kaptein. 

Friskusar frå Gulen 
Mannskapet ombord i "ESPHOLM" kom frå ymse stader. Mange gulingar var med, dei fleste frå Byrknes. Knut Berge, også frå Byrknes, var nestbas og held seg sjølvsagt nær hovudbasen Vesetvik når kastinga var i gong. Ein annan guling eg vil nemna, var Alf Undertun. Han var ein skikkeleg "friskus" med godt humør som passa alle oss andre. Kokken kom frå Mongstad, heitte Kalle - og gjekk til dagleg under namnet "Kalle frå Mongstad". Var ein skikkeleg sjøulk - hadde vore mange år til sjøs og var ein humørspreiar, han også. 

Havdønningar fekk magen i ulage 
Etterkvart blei det mange fine minner frå dette fiske som eg hadde meldt meg på. Men også minner som eg gjerne skulle vore forutan. Når "ESPHOLM" gjekk ut på havet, og dei spesielle havdønningane tok tak i båten, - kom diverre sjøsyka over meg. Var ikkje vant med slik sjøgong, der eg kom frå. Hadde nok farta ein god del med motorbåten "PORAT" på fjordane og over Fensfjorden - med det verste tilfelle kuling med litt rokk, og ikkje langt frå land. 

Det tok difor ikkje lang tid før eg måtte mate krabben. Vart så dårleg at det bar beine vegen til køys i lugaren. Der var det helst dårleg med ventilasjon og sterke lukter av fisk og olje, men eg måtte berre bli der. 

Kokken Kalle kom med mat eit par gonger, men den freista ikkje. Var så sjuk at eg knapt nok merka at han hadde vore der. Heldigvis såg dei ikkje størje den dagen. 

Til vanleg gjekk vi til lands om kveldane. Etter denne natta ved land kom eg meg til hektene, fekk i meg litt av maten til "Kalle frå Mongstad", og sjøsyka var over. Eg fekk ikkje meir problem med den. 

Intenst og spanande 
Vi farta mykje desse vekene langs vestlandskysten med "ESPHOLM" og fylgjaren "ERLING"; Frå Haugesundskanten, nordover utanfor Bergen, Fedje, Solund, Florø og heilt til Ålesund. 

På ein av desse turane skulle vi prøve på kast, og det var stor spenning hos alle ombord. Eg vart sett til å løyse ut "saksa", som var festa til nota på dekk. Ved å løyse ut den innretninga, gjekk nota i sjøen. Basen Vesetvik stod framme på båten, der han hadde den beste utsikta. Så, - full fart på båt og motor for å få snurpenota rundt størjeflokken. 

Fadesen 
Basen var nøye med at ein ikkje hylte og skreik i slike situasjonar. Det kunne høyrast lang veg, og forårsake at andre kom i forkjøpet med kasting. Avtalen var at når han slo ned med handa, så skulle eg dra i "saksa" og la nota gå. Samtidig skulle han gi signal til skipparen i styrehuset når han skulle gi full fart. Til skipparen var signalet: armen ned med sida og "rotere" fort - eller når han ville ha sakte fart, det same - men rolegare "rotering". Eg var temmeleg nervøs der eg stod oppe på styrehuset. Størja såg vi, den jaga rundt og kom opp igjen både her og der. 

Brått slo basen ned med handa for å dempe farten på båten. Eg trudde det var signal til meg om å la nota gå overbord. Løyste derfor ut "saksa" og nota raste ut minst 50-60 favner. 

Det vart ropt : - Full fart akterover. 
Så starta arbeidet med å hale nota ombord igjen. Eit arbeid som krov både styrke og tid. 

Sjølvsagt blei det ein del kjefting etter denne fadesen. Eg beklaga, og skulda på dårleg signal frå basen framme på bakken. Fekk støtte i dette av Knut Berge og skipparen. Det blei ikkje meir snakk om denne hendinga seinare, men basen gjorde mykje klarare signal under kastinga. 

Denne dagen var størja heilt vill. Fleire båtar gjorde bomkast. Når 300 favner not gjekk i sjøen - tok det mange timar å få nota ombort i båten og plassert på dekket. Eit skikkeleg slit for dei som måtte gjere jobben. 


Snurpebåten "K.S.K" - ein myte på størjehavet. Eigar av foto: Karsten Karlsen. 

Kvar sin tørn ved roret 
Det blei mykje farting langs kysten på leiting etter størjeflokkane. Ein dag vi var sør for Haugesund, høyrde vi på radio at det var sett størje ved Ålesund. Kursen vart sett nordover, og etter 12 timar var vi der. Dagen etter leita vi etter størje, utan resultat. 

Så fekk vi høyre at det vart kasta størje ved Fedje. Full fart på motoren, 7-8 timars køyring med kurs sørover - som regel utanskjærs på slike strekningar. Då kunne alle ta sin tørn ved roret. Kjedeleg, time etter time. På dagtid var vi opptekne med å speide etter størje. Den var slett ikkje var lett å oppdage når det var vind i bøljene. Var havflata still, såg ein gjerne striper i sjølokket etter dei. Knut Berge var fantastisk til å registrere størje under slik fart. 


"Orfjord" - her frå ein vellukka fangstdag i 1928. 
Slik var det på "ESPHOLM" også når fangsten var 276 størjer - og dei største vog ca. 300 kg. 
Eigar av foto: Kåre Sandøy. 

Utkik i tønna
Ombord i båten var det slik at ein måtte "stå på", og gjere den jobben som basen forventa av deg. På ein tur skulle eg avløyse Berge oppe i tønna. 

Å entre vantet gjekk bra, - men å kome seg opp i tønna, oppe i masta, var slett ikkje så lett. Kunne mange gonger bli både redd og skjelven under operasjonen. Men var ein først komen i tønna, var det lite å klage over. 

Flott utsikt, men det kunne ofte bli vel mykje bevegelsar oppe i masta. Etterkvart vart dette også ein vane, og sjølvkjensla voks. 

Vi overnatta mange stader langs kysten; Haugesund, Utsira, Espevær, Fedje og Ålesund for å nemne nokre. Så sant det passa, var det Byrknes ein søkte til. Her hadde dei fleste familiane sine. 

For oss som ikkje var gifte, var Byrknes heilt topp - med mange vakre, venlege jenter. Ein skikkeleg vask, etter alle kunstens reglar, måtte til. Kalle frå Mongstad hjalp til, og hadde det moro på vår bekostning før vi entra rekka. Han kjende seg sikkert igjen frå sine unge dagar frå andre båtar han hadde vore på. 

På Byrknes fekk eg ofte låne lettbåten av basen for å dra heim til Furenes i helgane. Men så vart eg kjend med ei kjekk jente der ute, og då dabba det av med heimlengselen, naturlegvis. 


Tidleg morgon på Fedje hamn. 
Ein etter ein set båtane kursen mot størjefeltet. Ja, det var den gong. 
Foto: Alf Gullaksen. 

DET STORE KASTET 
Det var mandagsmorgon, ein svært fin dag - og havet var speglande. Vi gjekk ut frå Byrknes i grålysninga for å kome oss til feltet der størja til vanleg var å finne. Ved middagstid var vi ved Holmengrå. 
- Eg var åleine i lettbåten medan kameraten Bremnes var ombord for å få seg mat. Måltida måtte gå på omgang, slik at det alltid var mannskap både på dekk og på brua. 

Høg puls 
"ESPHOLM" låg og dreiv. Vi hadde alle ein god følelse, der og då. Plutseleg høyrer eg ei voldsom plasking ca 100 meter bak 
lettbåten, og ser det kokar med størje. Eg skreik ut, - og lyden rakk sikkert heilt inn i byssa. Alle kasta det dei hadde i hendene, og kom på dekk. Basen Vesetvik var raskt på plass på bakken, gav ordrar - og snart for nota over rekka. 

Denne gongen var eg åleine i lettbåten, men med god erfaring gjekk lina over til rett tid, og snurpinga kunne ta til. 

Nota til "ESPHOLM" var heile 300 favner lang. Spenninga var til å ta og føle på ! Hadde vi greidd å fange størjene inn i nota, slik at snurpinga kunne ta til ? Det hadde vi - det var eit kjempekast vi her hadde gjort. 


Notlaget sin slepebåt "ERLING" frå Bårøy. 
Eigar: Toralf Bårøy.

Ombordlastinga gjekk føre seg på den måten at ein hekta to fiskar i stroppen(ane). På dekk vart dei "bløgga" før dei gjekk vidare i rommet. Til dette brukte ein gjene øks, og "Kalle frå Mongstad" var ein ekspert. Dei største fiskane var heilt opp i 300 kg, "krakilske" under fangstinga, slo med sporen så vi fekk alle prøve oss til gangs denne gongen. 

Lettbåten, som eg var i, vart halvfylt under lastinga. Alle vart skjortvåte - sjølv om vi hadde oljehyre på oss. Men dette var 
bagatellar, berre vi greidde å redde fangsten i dette kastet. 

Etter at nota var tømt og lasta var ombord, vart fangsten registrert til 276 størjer. 

Då vi kom til lands på Byrknes den kvelden, var vi heltar. Jentene tok seg til og med ein tur på kaia for å beundre oss, og fangsten vi hadde fått. Denne kvelden var størja i fokus, - dei blide jentene tok vi hand om seinare i veka. 
 

LITT HISTORIKK OMKRING MAKRELLSTØRJA 
Kjelde: Størjefiske på Vestlandet - Magnus Tangen. 

I uminnelege tider har makrell-størja, også kalla "bluefintuna" kome til norskekysten på leiting etter mat. I Norge vart det jakta på denne fisken med både harpun og snøre og så seinare med not. Størjefiske er eit fiske som krev gode arbeidsforhold på havet, - med for eksempel kuling var det ikkje lett verken å oppdage fisken eller ta den med snurpenot. 


Snurpebåten "ESPHOLM"

I 50-åra var det eit svært rikt fiske etter størje på norskekysten. Det kunne gå hardt for seg under snurpe-kastinga etter størje på feltet. Når det vart oppdaga størjeflokkar, - vart det sett full fart på motorane for å kome først i kaste-posisjon. 

Motorane, som hadde sin registrerte yteevne, - vart gjene, med eit handgrep, tilført meir drivstoff til motoren slik at ein pårekna 200 hk. - kunne kome opp i yteevne på 300 hk. Å kome først i kasteposisjon, få nota i sjøen var avgjerande for gode fangstar. 

Det var utarbeidd reglar for snurping med not på felta. Eks. Når eit notlag finn ein symjande stim størjer som ikkje vert vakta av andre, har vedkomande einerett. Men stikk fisken ned og kjem seg unna notkastet, dukkar opp ein stad i nærleiken, - så er det notlaget som først kjem i kaste-posisjon der, som har retten til å la snurpenota gå. 

EKSPORTEN AV STØRJE 
Først på 1950-åra var det ein heil del kjøparar av størje langs kysten. Mange prøvde seg, men dei færraste hadde erfaring og nok kunnskap til å overleve i denne bransjen. 

Med omsyn til kjøp, salg, pakking og transport av størje, var det firmaet Halvard Lerøy AS i Bergen som låg i teten. 
Journalistar som besøkte anlegget til Lerøy på 1950-talet var imponert over det gode og effektive arbeidet som vart gjort frå størja var komen på kaia og til den låg tettpakka og isa i jerbanevogner. 

Firmaet Lerøy vart godt kjend med denne fisken og fekk transportert den til Italia på 12 døgn. Frå Nord-Norge tok det 20 dagar. Det var ein eigen teknikk å frakte størje over lengre avstandar. Størja var ein varm fisk med høg eigenvarme. Feilen mange gjorde, var at dei isa den medan den endå var varm. Då smelta isen og det danna seg hulrom rundt heile fisken. Under transporten måtte det også fyllast på med is for å halde kvaliteten. Fram for kvar sesong vart det gjort avtale med dei land som hadde interesse av å kjøpe norsk størje. 

Gjennom avtaler vart mykje størje eksportert til bl.a. Italia og Tsjekkoslovakia. I dei siste åra kom japanske fryseskip til Norge for å kjøpe opp størje. Med skarpe knivar og stor presisjon vart størja partert og pakka av ivrige japanere. Det gjekk ikkje mange timane frå fisken var død, til den låg ferdig pakka i fryseskipet. 

I tillegg til jernbane og fryseskip, vart det også frakta størje med fly, sjølv om den løysinga viste seg å verte noko kostbar. 

I 60-åra la mange fiskarar størjefiske på hylla, - det vart forlite fisk til så mange notlag på vestlandskysten. Dei fleste gjekk over til å fangste etter andre fiskeslag. Fiskarane sjøl omtalar gjerne størjefiske som det mest spanande og farefulle fiske på kysten. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal